onsdag 21. januar 2009

Men cowboyhatten min får du aldri






Det er ikkje berre frisk luft og mosjon som er poenget med å gå tur på fridagen. Ungane og eg har ofte gode samtalar, og i dag var det mellom anna vatn som var temaet. Vi er heldige her på desse kantar fordi vatnet er så reint at vi kan drikke frå bekken om vi blir tørste på tur. Og så kan vi ete "isjuklar" når vi finn det. Vatnet i byane smakar berre metall, sa Nummer 3, for det hadde ho kjent på Folkestad.

Unge Indiana storkosa seg i "Trollskogen" (eg trur plassen heiter Kriken, men vi har dikta nye namn etter kvart som vi har utforska terrenget), og vi slapp unna ei regnbyge ved å gå inn i den tettaste skogen. Noko påverka av ein av dei siste Indiana Jones-filmane utvida Minstemann repertoaret sitt og ville vere nazist. Etter ein liten pause kom det: "ej e nazist med cowboyhatt".

3 kommentarer:

  1. Eg er direkte misunnelig på dei fine turane de har!

    SvarSlett
  2. Pass på så han ikkje får sjå RØD SNØ-då kan han ende opp som "Nazi-Zombie" !

    SvarSlett
  3. Han er berre heilt utruleg med den innlevingsevna si. Eg har endeleg forstått kva som er mi rolle: springe nedover medan eg ropar "kula kommer!"

    SvarSlett