søndag 18. januar 2009

Yndlingsrett (ein av dei mange)


Helga har gått med til huslege syslar, skulearbeid og lufting av hundar. Eigentleg har vi hatt det uvanleg roleg eit par helgar på rad, men det er vel like før det brakar laust. I komande veke er det foreldremøte både i jobbsamanheng og som pårørande, og kabalen skal gå opp til slutt. Sjølv sat eg lenge med særemnerapportar i dag, så gjekk eg meg ein lang tur for deretter å kome heim til ferdig middag: erter, kjøt og flesk. Restane av eit spekelår, noko fåreribbe og svineribbe vart kokt saman med gule erter, rabbe og gulrot. Attåt hadde vi kokte poteter, og suppa fungerer også som "saus" på potetene. Retten er eit barndomsminne frå Ørsta, då pappa av og til kokte middag medan mamma......... gjorde skulearbeid.... Er det dermed ein tradisjon at kvinnene i familien sit med nasen i ei bok medan mennene sveittar over grytene? Ikkje veit eg - men godt var det i alle fall, og det fall i smak hos alle borna.

2 kommentarer:

  1. Eg har kjøpt inn erter og låret er gngd inn til beinet. Dette er ein av mine yndlingsrettar også!

    SvarSlett
  2. Eg hadde tenkt at vi skulle lage denne retten til heile storfamilien når vi kom i sving att etter jul. Vi har både bein, svenskeflesk og litt av kvart anna rundt omkring i frysarane våre.
    Elles hugsar eg frå skulen at ungane alltid skrytte av maten som FAREN laga. Sikkert fordi det var sjeldan kost. Forresten er det ein av mine favorittrettar også, men sjeldan vi lagar den berre til oss sjølve!

    SvarSlett