mandag 9. mars 2009

Ungdomens vår?

I London forelska Eldstejenta og eg oss i desse skorne. No er dei komne til Volda òg, og eg har for lengst lova avkomet eit par etter fritt val. Det store spørsmålet no er: kan Gamla også kjøpe slike? Viss ho vel eitt av dei minst glorete para, kanskje? Ein har ikkje lyst å gå rundt som ei vandrande førtiårskrise, men dei er utruleg søte og vårlege, då...

9 kommentarer:

  1. Spør du meg, så passar alle unntatt dei til venstre. Kva heiter merket? Er det dei som har kome til Flø?

    SvarSlett
  2. Nei, det er Reebok. Eg likte best dei i midten. Eg kan no sjølvsagt gå i kva eg vil i fritida, og då blir det oftast fjellskor...

    SvarSlett
  3. Eigentleg er det ganske patetisk når mødrene begynner å ape etter døtrene sine.....Men, desse skorne var veldig morosame og set ein i godt humør, uansett alder. Og som du seier sjølv- i fritida kan du gå med kva du vil!(Og elles også for den del)

    SvarSlett
  4. Eg likte best dei heilt til venstre; dei ville eg ha hatt om eg var litt sprekare enn eg faktisk er.

    SvarSlett
  5. Dei likte storejenta òg. Men i Volda hadde dei berre kombinasjonar av svart og sølv. ok for meg, kjedeleg for I.

    SvarSlett
  6. Ja, no er det gjort. Vi fann ikkje dei som vi eigentleg ville ha, men eg har bestilt to par skor (gratis frakt ved kjøp av to produkt, hehe) frå USA. Vi sleit med storleikane, men eitt av para bør passe. I alle fall til einkvan. Til meg sjølv bestilte eg dei svart- og kvitstripete som er avbilda på bloggen. Eldstejenta sine er sprekare.

    SvarSlett
  7. Syns du skal kjøpe dej sånne sko! Dei va da supertøffe, men da må du love å ha dei på når du e på jobb også ;)

    SvarSlett
  8. Har bestilt dei svart- og kvitstripa til meg sjølv, Espen, og viss dei passar, skal dei få vere med på jobb - ver du sikker!!!

    SvarSlett
  9. Hі evеrу οnе, herе evеry one is ѕharing such famіliaгity, thеrefore
    іt's good to read this blog, and I used to visit this web site all the time.

    my web page; payday loans online
    Here is my weblog : payday loans online

    SvarSlett