lørdag 7. mars 2009

Bok 13 2009: "Et glass melk takk" av Herbjørg Wassmo


Tora-serien til Wassmo kom ut då eg var svært ung, og eg hugsar at den gjorde inntrykk på meg personleg, men òg at den førte til ein samfunnsdebatt om emnet incest. Då eg seinare las Dina-serien, fekk eg overdose av Wassmo. Ho la seg til ein symbolsk stil som vart nesten parodisk i mine auge. I boka "Et glass melk takk" finn vi noko slik symbolbruk, men her fungerer det greitt, sjølv om det kanskje er noko overtydeleg. Boka omhandlar trafficking, og vi møter den litauiske jenta Dorte som vert lokka til Stockholm som servitør, men som endar opp som prostituert i Oslo. Boka er til tider svært direkte, men som eg las i denne bokmeldinga, så er det verste at ein forstår at røyndomen mest sannsynleg er verre enn skildringane til Wassmo.

2 kommentarer:

  1. God, men grusom! Dette var ei av dei første lydbøkene eg las. Anette Hoff las boka slik ho fortener å bli lesen.
    Men, som du seier, verkelegheita overgår nok fantasien.

    SvarSlett
  2. Det er ei god stund sidan eg las denne boka no, men eg likte den. Den set søkelyset på ein "trafikk" som vi veit heller lite om.Synest denne boka var heilt grei, i motsetning til Torabøkene( nr.2 og 3). Kvasi-psykologi er det verste eg veit.

    SvarSlett