søndag 1. mars 2009

Girls just wanna have fun



Nummer 3 sukka djupt på heimveg i går: "endelig ekje ej den einaste jenta i familien!" I dag har Eldstejenta drive med yndlingshobbyane sine: styling og foto. Eg legg ved eit par døme frå jentene sin foto session. Inskripsjonen på Nummer 3 si T-skjorte (kjøpt i London, sjølvsagt) er: "If you think I'm a bitch, wait until you meet my sister". Dei mest vakne og interesserte blogglesarane kan ha fått med seg at Eldstejenta kjøpte ei liknande til seg sjølv (sjå London-innlegget lengre nede).





Inskripsjonen på denne T-skjorta hennar viser vel tydeleg nok...

4 kommentarer:

  1. Det er nokre av oss som må ha det inn med teskei!

    SvarSlett
  2. Eg fekk det i alle fall med meg, og lurte på om M. hadde kjøpt ei til seg sjølv også. Elles kan vel skjortene gå litt på omgang, for å få meste mulig ut av det?Eg forstår godt ho som gjerne ville ha heim att kvinnene i familien!Men så er no eldstejenta ei kjekk storesyster, då!

    SvarSlett
  3. Kva for ei meinte du, Besta? Ei av Eldstejenta sine, eller Nummer 3 si? Her er det mange mulegheiter, ja! Elles er eg ikkje heilt sikker på om det alltid er så negativt å vere "bitch" - i alle fall ikkje i mitt yrke. Eldstejenta er kjekk, det er dei no sjølvsagt alle saman, men rundt henne skjer det alltid mykje. Eg plar seie at når ho og Gubben er vekke, er det både stille og ryddig i heimen.

    SvarSlett
  4. Velkomen attende frå London-turen. Det var nok kjekt for de to vaksne, spreke damene å få ein tur åleine. Kjekt å sjå bilder frå turen, nesten 20 år sidan vi var i London, men vi likar oss godt i England,har vore på 7 veteranturar i løpet av ca 21 år.
    Du er heldig som har ein ein flink mann og hjelpsame besteforeldre som tek seg av alt heime. God veke!
    Eidabesta

    SvarSlett