fredag 6. mars 2009

Mimring om russeaviser

Kvart år har skulen der eg har vore elev og lærar i til saman nesten ti år besøk av ein lokal entusiast som samlar på russeaviser. Han snakkar til årets avgangskull om kva som kjenneteiknar god og dårleg russeavisjournalistikk, og så viser han gode og mindre gode døme frå fortidas utgåver av lokale og litt meir perifere russeaviser.

Det året eg var russ, hadde redaksjonen lagt seg på ein noko sær og intern humor - nemleg blasfemi. Ein fekk lese referat frå ein fotballkamp mellom Himmelen og Helvete, og midt i avisa fann ein ein sprellemann-Jesus - til utklipping og montering med splittbinders. Eg var ikkje med i redaksjonen, men sidan eg var sentral i andre delar av feiringa, måtte eg gå noko i forsvar for saka då rasande kjøparar kom og forlanga pengane attende.

Ei påminning om at ein skal vise varsemd ved bruk av intern humor? Såvidt eg hugsar var blasfemi-humoren meint som eit stikk til Kristenrussen, men redaksjonen må òg kunne seiast å ha vore tidleg ute med den typen provoserande og tabu-sprengande humor som har blitt så populær dei siste åra.

2 kommentarer:

  1. Populært eller ikkje. Eg synest ikkje det er god humor å såre folk! Verken kristne, muslimar eller andre religiøse grupper.
    Dvs. gjere narr avtrua deira.
    MEN....det må vere tillate å "vitse" med personar innafor nemnde grupper, når dei gjer eller seier noko ssom er "heilt på trynet".

    SvarSlett