onsdag 11. mars 2009

Shopping spree på lavbudsjett


Tysdag kjørte eg Nummer 2 og to kompisar på hiphop i Ørsta, og då nytta eg høvet til å fornye garderoben hans. Medan jentene i familien plar vere positive og shoppingvillege, er gutane av det litt særare slaget. Og med kompisar på slep vart det ikkje den storhandelen som Gamla hadde tenkt seg. Alle mine forslag vart nedstemde med ein overberande og nesten hånleg latter, bortsett frå forslaga mine om burger og milkshake.

På skulen i dag hadde den håpefulle på seg det eine nye antrekket han fann passande, og mora synest sjølvsagt han er fin i saggebukse og slips.

5 kommentarer:

  1. Alt kler den smukke, og storeguten er vel i den kategorien.Det hadde no vore kjekt om de såg oppom oss av og til, men det er vel ikkje så greitt med kameratane på slep?

    SvarSlett
  2. Lurer litt på bildet på headingen-er det gammalt? A. har vel ikkje slik pannelugg no?

    SvarSlett
  3. Headingen er frå august 2003, då A og Ariel var litt over tre år. Biletet er frå ei hundeutstilling på Otta. Syntest at Ariel måtte få vere med på headingen sidan ho har gjeve nemn til bloggen. For dei som ikkje veit det, var Ariel vår første bearded collie, som døydde av hjartefeil våren 2005. A. (nummer 3) voks praktisk tala opp i hundekorga, og ho har alltid hatt eit spesielt lag med hundar.

    SvarSlett
  4. "gjeve namn" skulle der sjølvsagt stå

    SvarSlett
  5. Det er noko med menn og shopping! Mine to får høgt blodtrykk og svettetokter dersom dei er på innsida av ei butikkdør uten å ha klar bane til det dei skal ha... Men det skal nemnast at den yngste har klart å handle litt klede sjølv, når han drar på tur uten mor på slep! Skulle kanskje ikkje vente anna, når han snart er myndig...

    SvarSlett