mandag 30. mars 2009

Monopol på kule skor?



Etter vel ei veke dukka skorne våre opp - mine diskrete svart-og-kvitstripete og Eldstejentas ikkje fullt så diskrete gule og blå. Reebok har ein heil serie med skor dekorerte med ulike motiv frå brettspelet Monopol, og eg skulle gjerne hatt nokre eg òg. Men så syntest eg at yrke og alder tilsa at eg skulle ha noko mindre iaugefallande.

Når dei fleste kollegaene og nokre av elevane møtte meg med replikken: "Hei, M, nye skor?" forstod eg at vi har ulik oppfatting av omgrepet "diskret".

1 kommentar:

  1. Skulle gjerne hatt slike kuule skor sjølv, eg. Men det hadde vel sett litt underlig ut med mitt ganglag! Alle som er lette på foten, har rett til å kjøpe dei skorne dei vil.(Vi andre får gå i fotformskor).Har berre sett Ingeborg sine Monopolskor, og dei var kjempesupre.

    SvarSlett