tirsdag 31. mars 2009

Til lags åt alle? Neppe...


Nummer 3 har ein god eigenskap som innimellom blir eit problem: ho er stille på butikkar. Det er så og seie uråd å vite kva ho meiner, for ho har pokerfjes og nedslått blikk uansett. Nokon kan ha observert Gamla i det ho seier, med nesten uvenleg og lite moderleg stemme: "Lika du dinna buksa, eller lika du den ikkje? SVAR!".

I går hadde vi eit nytt shoppingprosjekt: nye øyreproppar til MP3-spelaren hennar. Midt inne på El-kjøp erklærte Veslejenta at DER var slike ho hadde lyst på. Det var ikkje proppar, men eit headset, og i lukkerus over at shoppingrunden var over på to minutt, kjøpte eg det ho peika på.

Ute i bilen oppstod eit nytt problem: pluggen passa ikkje til MP3-spelaren. I fortviling lånte ho min, der det berre var lydbok, men det var vel nok så lenge. I heimen fann vi ein I-pod som Gubben kjøpte til meg ein gong, men som eg aldri fekk til å virke. Der passa headsettet fint. Jenta var strålande blid, i motsetnad til storesøskena, som syntest det var altfor råflott å spandere på Veslejenta skikkeleg "Skullcandy".

Går det an å gjere noko rett som firebarnsmor?

6 kommentarer:

  1. Som mor gjer ein sikkert 1000 feil for dag, men så lenge ein ikkje gjer det av vond vilje, finst det vel tilgjeving.Kven kan påberope seg å vere ei perfekt mor? Og storesøskena skulle unne småsysta litt luksus, for dei får verkelig sitt!!
    Headsetta som blir til overs når eg kjøper nye walkmen duger vel ikkje? Har eit heilt nytt eksemplar liggande.

    SvarSlett
  2. Det er mykje betre med headset enn "propper". Eg brukar propper om natta og headset på dagtid. Ein får lyden i øyrene og ikkje i hovudet.
    Litt forskjell vert det i ein ungeflokk. Når gutane kommenterer Olaug sine kle og skor, tilbyr eg dei tilsvarande. Som regel får eg til svar at dei vil ha pengar og kjøpe seg CD og DVD...
    Dei eldste får turar (t.d. Berlin og Malaga på Audun), og då er det ikkje små summar det er snakk om.
    Han fekk seg dessutan ny mobil i veka som var. Men dei vert billegare til store born, om det er ei trøyst. Dei skal ha dei til å ringe og sende SMS, ikkje til leiketøy.
    Korleis går det med Besta sin MP3?

    SvarSlett
  3. Besta brukar framleis Walkman fordi ho held på med ei bok der. Brukar alltid øyrepropper ikkje headset.Det er fordi eg ligg så mykje mens eg les.Rasmus ringde meg frå Clas Ohlson i Drammen i går. Han hadde komme frampå Walkmen der. Slik går det når eg ikkje skriv på bloggen at eg kjøpte meg ny W. på C.O. på Moa. Samme sort som den svarte eg hadde frå før.

    SvarSlett
  4. Du slit dei vel ut etter kvart!

    SvarSlett
  5. Ein av dei mange feila eg gjer som mor, er å snakke om "walkman" - no heiter det visstnok "discman"... :-)

    SvarSlett
  6. På min "Walkman" står der MP3!Det gjorde der på den forrige også, og på den før den.DEN gikk det an å spele MP 3- plater på. Somme av lydbøkene blir nemlig levert med ei "MP3"-plate med heile boka på ei plate.Passelig forvirring?

    SvarSlett