søndag 8. mars 2009

Crufts 2009


Crufts er, for dei som ikkje er inne i det, den mest prestisjefylte hundeutstillinga i Europa. No i helga gjekk den av stabelen, i Birmingham UK. Leo, faren til gardshunden Bau, vart Best in Breed av alle dei påmelde beardisane. Det er veldig stort og ærefullt, for det er berre spesielt utvalde hundar som vert kvalifiserte for å delta på denne årlege galskapen. Vi gratulerer!

2 kommentarer:

  1. Synest Bau er veldig lik faren sin! Kanskje han også får vere med på ei slik utstilling?

    SvarSlett
  2. Det er eit gammalt bilete, frå Crufts i 2006. Då vart han juniorvinnar. Det hadde vore morosamt å møtt faren for å sjå om han har det same lynnet som Bau, som truleg er verdas snillaste og mest barnekjære hund.

    SvarSlett