lørdag 7. mars 2009

O arbeidslyst, kom til meg, her skal du motstand finne...


Medan eg har sete i kjellaren med rettingsarbeid opp til øyrene i dag, og Eldstejenta har lege sjuk på stova oppe og sett gamle filmar, har resten av gjengen produsert store mengder ved. Nytteverdien av deira arbeid er truleg størst, men eg må seie eg har misunt dei høvet til å vere mykje ute på denne fine dagen. Eg kan ikkje fordra å sitje inne og sjå på solskinet ute, og i dag har bunkane krympa særs sakte...

3 kommentarer:

  1. Det er ingen ting som er så herlig som å jobbe fysisk ute når veret er fint, og ikkje så varmt at det fristar å sitte i ro.Er det nokon som forstår frustrasjonen din, så er det eg!Ønsk storejenta god betring. Trefte farmora og farfaren på Amfi i dag.I morgon skal vi sjå onkel Rolf i reprise.Alle andre enn vi såg visst programmet torsdags kvelden.

    SvarSlett
  2. Eg må berre innrømme at eg aldri gjer skulearbeid laurdagane! Det er den einaste dagen eg kan kvile hovudet. Søndagane er dagen før dagen likevel.
    Kva onkel Rolf?

    SvarSlett
  3. På denne tida av året blir det skulearbeid BÅDE laurdag og søndag på meg! Fordelen er at klesvask og klesbretting vert ei kjærkoma pause i slitet...

    SvarSlett