lørdag 7. mars 2009

Utfordring på strak arm?




Ute i bloggverda har det i den siste tida vore mange døme på kva folk er nøgde med på kjøkenet sitt, og eg har frykta at utfordringa skulle kome hit til gards. Og no er eg altså utfordra (takk til Systa). No har det seg slik at eg ikkje akkurat er sjukeleg oppteken av interiør generelt og kjøkkenting spesielt, og eg føler i tillegg at kjøkenet mitt med tilhøyrande familie har vore avbilda nok på denne bloggen allereie. Likevel; eg tok meg ein runde og reflekterte i dag, og her er resultatet.

Først og fremst: eg er nøgd med å ha eit såpass stort kjøkken. Vi har sessa 27 vaksne til bords på det meste, og slikt er kjekt. Eg er dessutan glad i den blåfargen vi enda opp med på veggane, etter at dei var kremkvite i fleire år. Eg trur det var hausten 2006 eg hadde vinklubb og erklærte at vi skulle male kjøkken neste dag, og at fargen vi hadde sett oss ut heitte "lys eitt eller anna Middelhavsområde". Alle damene var så begeistra, for den fargen hadde dei visst i husa sine alle som ei. Neste morgon gjekk Gubben og eg innom målarbutikken, såg på eit fargekart og sa noko slikt som "pokker heller, me teke blått". Ikkje akkurat moderne, men ein farge eg ikkje går lei av. Den passar dessutan supert saman med dei mørkbeisa gamle møblane vi har arva etter tidlegare huseigarar.

Når nokon ringer til oss, og klokka på kjøkenet slår, er det mange som har undra seg. Vi synest det er ein koseleg lyd - og så er det ei bryllaupsgåve som besteforeldra til Gubben fekk ein gong på 1930-talet. Desse besteforeldra har vi ei nydeleg teikning av, og den heng over det gamle trøorgelet (som eg faktisk ikkje er så nøgd med). Eg kjende aldri Bestefaren, men Bestemora til Gubben var ei fantastisk dame som eg rakk å bli glad i. Mange gonger har eg tenkt at dei to på veggen ville ha vore glade dersom dei kunne sjå at heimen deira var fylt av barnespetakkel igjen.

Då Eldstejenta hørte at eg tok bilete av ting eg er glad i på kjøkkenet, ville ho straks posere: "for du e no glade i mej!". Og sjølvsagt er eg det, og i dei fire bileta av ungane som babyar. Dei heng også på kjøkenet, og eg beundrar dei med glede og vemod kvar einaste dag. Det er sjølvsagt ikkje tinga våre vi set mest pris på her i livet nokon av oss, men dei menneska vi vel å omgi oss med.

6 kommentarer:

  1. Koselege bilde! Blåfargen er nydeleg!
    Ting er sjølvsagt ting, og lett å skrive om....
    Eg definerer ikkje meg sjølv ut i frå tinga mine, sjølv om det kan virke sånn på bloggen...

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje meint å skulde nokon for å vere meir materialistiske enn meg sjølv! Det kan hende, derimot, at eg skuldar andre for å vere meir huslege og flinke til å lage det koseleg rundt seg. DET er ikkje mi sterke side - det heller...

    SvarSlett
  3. Eg HAR skrive mykje om ting eg har kjøpt i det siste... Eg føler faktisk på det. Samtidig likar eg å sjå på ting andre har kjøpt. Det vert som å gå og kike. Eg føler at eg "luftar" meg litt når eg går i kjøpesenter. Spesielt om vinteren vert ein gåande litt i bane.

    SvarSlett
  4. Den blå fargen er, som du seier, nydelig til det mørke treverket.Og dei gamle tinga passar godt inn i det store spisestue/kjøkkenet dykkar.
    Eg er glad i kjøkkenet vårt, fordi det er lettstelt og praktisk. Det einaste som pyntar opp er frokostserviset "Hahn und Henne" som eg har fått hos døtrene. Og det la eg inn på bloggen i fjor.

    SvarSlett
  5. I det daglege er interiørinteressa mi redusert til eit minimum: "reint og ryddig"...

    SvarSlett
  6. Du må huske å slå av blitsen når du teke bilde av sanne ting som reflektera lys, mamma.

    SvarSlett