søndag 8. mars 2009

Bok 14 2009: "Undset" - eit høyrespel med Ellen Horn


Mange vil nok hugse at Ellen Horn reiste rundt med eit monolog-teaterstykke om Sigrid Undset. Det gjekk eg glipp av den tida, men no har eg høyrt lydboka som er eit høyrespel av det same teaterstykket. Kanskje er det juks å telje dette med blant årets lesestoff, men eg tek sjansen. Sigrid Undset er ein forfattar eg har litt ambivalente kjensler for - noko av dette har kome fram tidlegare på bloggen, når eg har kommentert filmen om Kristin Lavransdatter. Personleg likar eg betre bøker som "Jenny", men der er ein del haldningar til spørsmål om moral og seksualitet som alltid har verka noko bakstreversk. Nokre av desse synspunkta vart klarare og lettare å forstå gjennom denne lydboka. Tanken slo meg at hennar liv kanskje var vel så interessant som fleire av bøkene hennar; blant anna så er det ikkje så lett å stå på barrikadane for kvinnesaka når ein har huset fullt av born og kjenner seg mislukka som hustru og mor. Det er viktige aspekt ved kvinnelivet "alle dager".

Til lukke med kvinnedagen!

3 kommentarer:

  1. Eg må atter ein gong minne om den pensjonerte lærarinna vi budde hos ein gong, som hadde lese Jenny og tykte den var direkte umoralsk!!! Tidene endrar seg, "men menneskenes hjerter forandres ikke alle dage"...eller gjer dei det.
    Undsetdialogen har eg ikkje lese, men eg hadde ein heftig Undset-periode på lærarskulen.Heldt foredrag for klassen om sjølvbiografien "Elleve år".Har lese det meste av det ho har skrive, men det er lenge sidan.Ho var favoritten min ein gong.

    SvarSlett
  2. Ho har aldri vore favoritten min, og ho vert ofte framstilt som den reaksjonære i litteraturhistoria, samanlikna med meir frilynde og/eller feministiske forfattarar. Det er hos dei min sympati har lagt - så langt.

    SvarSlett
  3. Hugs du er ein generasjon yngre enn eg!!!Feminist har eg aldri vore.Og eg har ikkje sagt at eg er samd med Sigrid Undset, berre at eg likte bøkene hennar. Eg er heller ikkje nazist fordi om eg meiner at Knut Hamsun er Norges beste stilist.

    SvarSlett