torsdag 12. mars 2009

Bok 15 2009: "Charlotte Isabel Hansen" av Tore Renberg


Denne tredje boka om Jarle Klepp er minst like lettlesen som dei to første. Eg har verkeleg sansen for dei gode historiene til Renberg, sjølv om denne kanskje er i overkant forutsigbar. Jarle Klepp får i september 1997 plutseleg besøk av ei sju år gammal dotter han ikkje visste han hadde. Det morosame i boka er møtet mellom denne nye verkelegheita og Jarle Klepps liv som hovudfagsstudent i litteraturvitskap. Mykje av det faglege han er oppteken av, er kjent stoff for meg, i og med at eg òg studerte på 90-talet. På same måte kjende eg meg mykje att i dei to tidlegare bøkene, "Mannen som elsket Yngve" og "Kompani Orheim", der handlinga er lagd til 80-talet. Å høyre forfattaren lese boka, gav leseopplevinga eit ekstra løft. Jarle Klepp er ein mann ein kan identifisere seg med og interessere seg for, og etter det eg har forstått, vil Renberg skrive meir om livet hans.

1 kommentar:

  1. Denne boka las er rett før jul, og eg har også lese dei andre to.Forfattaren både skriv og les godt.

    SvarSlett