tirsdag 23. juni 2009

Graut frå Fjordland



Eg høyrer til blant dei som elskar graut. All slags graut, eigentleg, men spesielt rømmegraut. Med kanel, sukker og rosiner - og med god, raud saft til. Og kanskje litt spekemat og flatbrød.

Ungane røpa meg ein gong då vi var hos Besta, og dei erklærte at mormora laga så god rømmegraut, medan mora brukte pulver frå ein pakke. I dag må eg tilstå at latskapen sprengde ei ny grense. Men så fekk no vi graut på jonsokaftan, då. Dei to yngste likar ikkje rømmegraut, så vi måtte uansett ha ein variant til middag. Sånn sett var det greitt med beger. Godt var det òg, forresten.

2 kommentarer:

  1. Det er dette med "Når du har anna å gjere"! Eg datt i hop i dag att. Festar og feiring tek på.

    SvarSlett
  2. Då ungane var her, koka eg risengrynsgraut, men kjøpte rømmegrauten ferdig. Det er første gong eg har gjort. Fjordlandgrauten var god,den, men eg sakna det synlege feittet.
    Feittet er grunnen til at eg ikkje lagar rømmegraut så ofte, berre toppen ein gong i året!
    Tine-meieriet her leverer no rømmegraut berre i 5-literspann.Etter som folk seier er den god.

    SvarSlett