onsdag 24. juni 2009

Her er sol og glede





Første feriedagen låg vi lenge før vi stod opp. I tillegg forlangte Gamla å få ei stille stund med ei bok i solveggen som markering av ferien. Då rastløysa tok overhand, reiste vi i Brundalen, der vi bada og sola oss i eit fantastisk solskin. Dessverre er ikkje vatnet så oppvarma enno, men det er herleg å vere der uansett. I dag hadde vi dalen aleine, dersom ein ser vekk frå klegg og sauer, som der var rikeleg av. Andre naturfaglege funn var to fuglar, som eg meinte måtte vere lerker (Minstemann slit litt med å forstå at "lerka" som jublar "høyt i sky" ikkje er eit tre) og ein gedigen frosk, som Eldstejenta truleg kjem til å legge ut på bloggen sin. Ja, ikkje frosken då, men ein film om den.

2 kommentarer:

  1. Ser aldeles herlig ut i Brundalen. Her har vi vore mykje på altanen, der eg har lagt og lese i ei bok eg ikkje likte noko særleg. Nils var ute og fiska i dag før eg var våken!

    SvarSlett
  2. Javisst er det herleg i Brundalen! Fin markering av feriestart òg, med jonsok i går og Brundalen i dag.

    SvarSlett