søndag 21. juni 2009

"Du skal ikkje sova burt sumarnatta" - eventuelt "Gøy på landet"


Laurdag kveld feira vi tre kjekke førtiåringar på grendahuset. Mellom 70 og 80 slekt og vener var samla, og vi hadde ein veldig triveleg kveld. Eg tok ein del bilete som eg har lova ikkje å legge ut verken på blogg eller facebook, men illustrasjonsfotoet er temmeleg truskuldig. Det viser ei av gåvene til jubilantane, som også var ein slags konkurranse i rockering-traktering og hoppetau-hopping. Seinare på kvelden var det mange andre som ville prøve også.

Mine fysiske eskapadar avgrensa seg til ein lang spasertur nesten heilt heim. Etter eit par kilometer kom naboen syklande forbi, så då fekk eg sitje på med han resten av vegen.

4 kommentarer:

  1. For å seie det slik; eg har prøvd begge deler "på mine gamle dagar", hoppetau har eg ikkje gløymt.
    De er flinke å feire på bygda!

    SvarSlett
  2. Eg kan ikkje hoppe tau. No er eg så gammal at eg kan innrømme det.

    SvarSlett
  3. Skulle gjerne lagt på lur i buskene då de sykla heim. Veit du forresten kva lova seier om sykling på offentleg veg?

    SvarSlett
  4. Eg trur lova seier at ein er fotgjengar viss ein hoppar av sykkelen i tide...?

    SvarSlett