fredag 19. juni 2009

Skuleavslutning 1



















Medan Gamla var på sensurmøte i Bergen, hadde 10. klasse ved Folkestad skule avslutningsfest med dans og spel i velkjend stil. Kontaktlæraren hadde skrive ei side med presentasjon/helsing til kvar einskild elev, og Eldstejenta fekk i oppdrag å lese det opp (kan hende er det fleire som slit med klumpar i halsen og tårevått blikk når dei skal sende ungdomane ut i verda)? Eldstejenta hadde, som vanleg, øvd inn ein dans - denne gongen til fjorårets russiske MGP-vinnar "Believe".

Det er vemodig å skiljast, og denne gjengen er ein flott bukett som har vore gjennom mykje saman, som til dømes Polenturen sist haust. No til hausten skal dei spreiast for alle vindar, og vi får håpe dei får det bra i sine nye skuleklasser.

No vart eg visst litt blank i auga her...

5 kommentarer:

  1. Trist å ikkje få vere med på ein slik dag, men dei fleste treffer du nok att både titt og ofte.Fin "avslutningsattesr" til eldstejenta og sikkert treffande. Ei flott jente er ho i alle fall, på meir enn ein måte.

    SvarSlett
  2. Her er det avslutningsfest måndag. Eg er på 10-ande trinnet, så eg kjem til å vere der. Lærarane har fast innslag med sketsj.

    SvarSlett
  3. Tredjeklassingane våre skal ha avslutningsfest måndag, så då skal eg dit. Den belgiske utvekslingseleven eg har hatt i norsk skal halde avskilstale, og eg stiller i vannfast mascara...

    SvarSlett
  4. TUSEN TAKK MORMOR!

    Ej syns du me e flott, men du e de på ALLE måta!

    SvarSlett
  5. Eg kan ikkje hugse at vi hadde avslutningsfest på nokon av dei skulane eg gjekk på. Jau, vi hadde visst på lærarskulen.

    SvarSlett