tirsdag 30. juni 2009

Dagens utflukter






Dagen i dag skulle vere ekstra fin, med sol og varme. Dei tre eldste og eg drog derfor på badestranda, men særleg mykje sol og varme var der ikkje. Nummer 2 kjørte båt med to kompisar og hadde det hivens, men jentene og eg reiste av stad og henta Minstemann i barnehagen. Veret var ikkje akkurat strålande, og eg hadde ein dunkande hovudverk som tyda på at det var veromslag i emning.

Seinare på dagen utforska Bau og eg Aldalen. Vi gjekk inn til ei idyllisk seter på hi sida av vatnet frå hovudvegen (der gjekk veg og traktorveg heilt fram), og så bada vi i vatnet der. Det var trykkande varmt, og då gjer det alltid godt å bade.

Etterpå gjekk vi ut på ein sti som er merkt med "gamle setrevegen", lengre nede i dalen. Den stien var eigentleg litt skummel, sidan den går gjennom eit ras, på ein måte. Bau vart faktisk så redd at han snudde og gjekk attende til bilen.

Seint på kveld begynte det å tordne, lyne og styrtregne, og då vart hunden redd att og sprang til skogs. Vi kom heim dyvåte, men utan hovudverk!

1 kommentar:

  1. Her var det kokande heitt i heile går, så vi jobba i vårt ansikts sved, bokstavleg tala.Det er lenge sidan eg har jobba så mykje og hardt ute.Eg fekk mi straff, men den var til å leve med.Eg synest nesten det er litt nifst med desse åleineturane dine, men du veit vel kva du gjer.Datamaskina virkar ikkje som den skal, så eg sender ei melding på mobilen.

    SvarSlett