lørdag 27. juni 2009

Bok 37 2009: "Vinter i Madrid" av C.J. Sansom


Når ein skal lese ein roman på over 500 sider, gjeld det å ha god tid og konsentrasjon - noko eg ikkje har vore belemra med før dei siste dagane. Noko av skulda for at handlinga verka springande og romanen stilleståande skal eg derfor ta på eiga kappe. Dei første 400 sidene var relativt langdryge, men slutten vart betre enn frykta.

Kort fortalt er handlinga lagt til Francos Spania under andre verdskrig, men det er menneskelagnadene, og ikkje storpolitikken, som står i sentrum. Eg er inne i ein "Spaniafase" i lesinga mi, men synest det vert urettvist å samanlikne denne boka med bøker av til dømes Carlos Ruiz Zafón. Spionromanar har forresten aldri vore "mi greie" heller.

No kan de lure på kvifor eg har lese boka i det heile, men historia er at Sansom har skrive ein del krimromanar frå 1500-talet i England. Bibliotekaren på jobb skulle få tak i desse til meg, men enda opp med å tilby meg "Vinter i Madrid" i staden. Sånn kan det gå. Og eg les alltid ut bøker eg har begynt på - uansett.

4 kommentarer:

  1. DEnne boka har eg ikkje ein gong høyrt om.FØR las eg alltid ut påbegynte bøker, men så laga eg meg den regelen at viss eg ikkje var blitt interessert på s.80, så gav eg opp. Livet er for kort til å lese dårlege bøker, som ho sa den no pensjonerte biblioteksjefen vår.Veit du kva eg les? Livlegens besøk, som eg har lese i papir FØR.Kosar meg.

    SvarSlett
  2. Denne boka har eg i bokhylla, inspirert av Madrid-besøket i fjor sommar, men eg er ikkje begynt på ho enno. Veit ikkje om eg fekk så lyst å lese ho heller, etter denne omtalen...
    Eg er forresten blitt veldig flink til å legge frå meg bøker eg ikkje likar, einig med mor di der!

    SvarSlett
  3. Det var mindre Madrid-stoff enn eg hadde håpa på. No lyttar eg til mi tredje Barcelona-bok og drøymer om å reise dit!

    SvarSlett
  4. Men det er dumt å gi opp for tidleg. Alle bøker fortener ein rimelig sjanse.Somme av dei er er berre litt FOR trege i starten.

    SvarSlett