tirsdag 30. juni 2009

Bok 38 2009: "Engelens spill" av Carlos Ruiz Zafón


Av og til får ein lyst til å lese ei bok omatt med det same ein har lese den ut. Slik har eg det når det gjeld denne boka, men òg "Vindens skygge" av same forfattar. Og så fekk eg utruleg lyst til å reise til Barcelona (det hadde eg eigentleg frå før òg). Eg har forresten høyrt at det vert organisert guidingar i byen basert på "Vindens skygge". Det høyrest ut som noko for meg - kanskje som ein dametur ein gong.

Om eg fekk med meg alt av handlinga? Om eg skjøna alt? Nei, eg gjorde ikkje det - men er det så nøye? Eg skal ein gong ta meg tid til å lese både "Engelens spill" og "Vindens skygge" i papirutgåve, og i samanheng. Men først har eg ein stor bunke med bibliotekbøker og ei flott gåve frå ei venninne å kose meg med.

4 kommentarer:

  1. Den dameturen er eg svært gjerne med på! Nærmar meg omsider slutten på "Vindens skygge" no (papir). Den var litt kompakt for meg som er i permisjonsmodus dette året, difor måtte eg lese noko anna innimellom. Hanne Ørstaviks "Presten" vart som "drøs" å rekne i samanlikning, ikkje særleg imponert over den. Ha ei flott (litterær?) reise!! :0)

    Kristin

    SvarSlett
  2. Denne har eg ikkje lese. Eg må innrømme at eg las halve Vindens skygge i papir før eg gav opp og begynte om att på lydbok.

    SvarSlett
  3. Kristin - vi har ein date! Haustferien 2010?

    No har eg to leseprosjekt (papir) som skal avsluttast før eg begynner øvst i bunken. Der ligg "Øya"!!!

    SvarSlett
  4. Eg har lese begge bøkene;Videns skygge to gonger.Desse bøkene er såpass infløkte at eg treng å repetere.Må innrømme at eg surra litt med Engelen...lydbøker treng at ein verkelig konsentrere seg.Men kva er i vegen med å lese bøker om att? Dei gode blir berre betre og betre.

    SvarSlett