onsdag 29. juli 2009

I staden for ein lang, lat dag i solveggen vart det tur i skog og mark





Skodda hadde letta såpass at eg tok sjansen på ein ny tur til Norddalen i kveld. Denne gongen gjekk eg råsa frå Austefjorden, noko som er ein lettare tur enn den eg gjekk sist. I alle fall oppover, då mykje av råsa gjekk over berg. Då eg kom opp til setra, begynte det å regne, så nedover vart stien sleip og glatt somme stader. Der var dessutan fullt av padder - noko som sette ein støkk eller to både i meg og bikkja. Eg skjønar meg ikkje på folk som bekymrar seg over at denne arten kan bli truga av vegutbygginga - dei er rett ut sagt ekle!

4 kommentarer:

  1. NB:Paddene har aldri blitt skulda for å vere vakre- berre sjeldne! Dei er faktisk "utryddingstruga".Padder veit eg faktisk ikkje om eg har sett ein gong;hugsar mamma var "livredd" for frosk, noko eg ikkje kunne forstå.

    SvarSlett
  2. Eg trur ikkje eg har sett anna enn påkjørte padder før. Eg er ikkje redd, men ein kipper seg når det "lever" der ein skal setje ned føtene. Trur ikkje eg hadde sakna dei så veldig om dei vart utrydda, men dei har kanskje ein viktig funksjon i økosystemet?

    SvarSlett
  3. Yngstemann her i familien kunne tenkt seg frosk som kjæledyr då han var yngre!

    SvarSlett
  4. Eg brukte å fange froskar som barn - det gjer meg ingenting verken å sjå eller ta i slike dyr. Problemet med paddene i går, var at det var begynt å bli mørkt, og at det då var litt ekkelt at det plutseleg kravla fram kryp i graset.

    SvarSlett