søndag 16. august 2009

Sommaren var kort - det mesta regna faktisk bort...


Til og med skuleferiar tek slutt ein gong.

Det har blitt færre late dagar på stranda enn ein hadde håpa på, men svært mykje mosjon for folk og dyr. Ungane har hatt ein aktiv sommar, spesielt Eldstejenta, men det er deilig å sleppe å stresse med treningstider og denslags nokre veker.

Kjøleskapsdøra er fylt opp med nye meldingar om treningstider, gitartimar og kornettøving. Alt skal plottast inn på timeplanar og tilpassast arbeidstider og bussruter.

I morgon skal Gamla på planleggingsdag, og denne veka skal eg faktisk jobbe fem dagar i strekk frå litt over åtte om morgonen. Korleis skal det gå, når både store og små har snudd døgeret slik at åtte er midt på natta?

Eg har kjøpt meg ny vekkjarklokke.

1 kommentar:

  1. Ja, det blir store omstillingar, men for å bruke ein klisjé:Det går seg til.
    Og så kan eg trøste deg med at ein vakker dag blir du pensjo og kan ligge heile dagen om du vil. I morgon skal vi ha bilen på service og tysdag er det mammografi på Åse, etter det er vi disponible om de treng hjelp.

    SvarSlett