torsdag 1. oktober 2009

Hey! Teacher! Leave them kids alone!


For dei som må halde seg i nærleiken av meg i arbeidstida, har det etter kvart blitt vanleg å sjå meg få små og brå samanbrot med blikket mot ein skjerm som like brått går i svart. Som maskiner flest vert PC'en min hokjønn når ho ikkje virkar, og alt mitt profesjonelle tolmod forsvinn kjapt når eg ikkje får registrert fråvær, vist film, vist presentasjonar eller anna som eg likar å gjere i løpet av ein undervisningstime. Resultatet har blitt kjedelege undervisningsopplegg med lesing av tekstar, løysing av oppgåver, gjennomgang av dei same oppgåvene - kort sagt: gørr. I alle fall i lengda.

I dag skulle eg lage ein glosetest, men då vart maskina plutseleg vrang. Ho slo seg på, men så slo ho seg av att så snart eg hadde opna eit dokument. Etter tre kvarter på denne måten skulle eg ha ordenstime med klassen, og igjen var det uråd å kome inn på datasystemet fordi skjermen stadig gjekk i svart. Etter timen kom maskina på såpass lenge at eg fekk laga den glosetesten, og etter eit par anfall til fekk eg også skrive ut prøva. I alt kasta eg vekk meir enn halvannan time og ein god porsjon humør på den elendige pms-kjerringa av ei maskin (vel, det var å overdrive: eg er som kjent ein meister i multitasking, så eg høyrde sjølvsagt på lydbok det meste av tida, og rydda i papir resten).

Eg er blitt lova ei ny, og eg har lova elevane filmstudier opp og i mente. Enn så lenge får vi berre halde ut med kvarandre, elevane, maskina og eg.

Nokon som stussar over illustrasjonen, forresten? Eg har mi eiga "mobbegruppe" på facebook, og dei vart inspirerte av teikninga til Nummer 2 og ville kome med sitt inntrykk av meg som lærar. Eg veit ikkje heilt kva eg skal synast - anna enn at eg bør revurdere jobbgarderoben...

1 kommentar:

  1. Ja !!!!!!!
    Og kanskje ordbruken????
    Elles ser du no ut som ein skikkelig "BABE"......

    SvarSlett