lørdag 24. oktober 2009

Dametreff med påfyll





Fredag kveld samlast vi seks damer heime hos K, til nydeleg mat, vin og triveleg prat. Det er eit privilegium å jobbe på ein arbeidsplass med så mange spennande, hyggelege og morosame kollegaer som det finst på jobben vår. Vi kan snakke om jobbrelaterte tema, men òg heilt trivielle ting. Eit evig tilbakevendande tema er: kva meir skal vi gjere? Neste post på programmet kan bli ein konsert i lokalmiljøet, for det kjem snart ein slik konsert som vi kan tenkje oss alle saman.

K kjøpte seg hus i sommar, og det er artig å kome heim til kvarandre og sjå korleis dei andre har det i heimen sin. Det er dessutan deilig å kunne snakke uforstyrra vaksenprat med folk som ein ofte berre treff i kaffipausar og i lunsjen.

1 kommentar:

  1. Tusen takk for besøket, eg kjenner meg også heldig som får ta del i slike verdifulle stunder saman med deg og dei andre superdamene. Måtte det ikkje verte lenge til neste gong! :0)

    K.

    SvarSlett