lørdag 3. oktober 2009

Ikkje berre laurdagsgodt, men laurdags-KJEMPE-godt!


Eg har det med å få fikse idéar om alt frå teljing av skritt og bøker til krav om frisk luft og sunn mat. Siste vekene har eg prøvd å unngå det tradisjonelle laurdagssnopet, og erstatta det med god mat.

Vi eksperimenterer gjerne med oppskrifter, og i kveld vart det servert sjokolademuffins. Det geniale vesle trikset, som vi kom på til ein barnebursdag i mai, er å putte ein sjokoladebit i kvar muffin. I mai brukte vi vanleg mjølkesjokolade, men i kveld brukte vi "Smil".

"Syntest du det var gode muffins", spurde eg Minstemann. "Nei, ej vart so leide ta dei, for det smakte for mykje muffins", var svaret eg fekk. Men etter talet på tomme papir etterpå (her fekk eg noko å telje att) fall dei absolutt i smak!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar