lørdag 3. oktober 2009

Bok 57 2009: "Andrea D" av Margaret Skjelbred


Når ein har likt godt ei bok av ein forfattar, er det freistande å lese fleire når ein kjem over dei. "Gulldronning, Perledronning" var ei fin og spennande bok, og "Andrea D" han mange likskapstrekk både i komposisjon og skrivemåte. Problemet mitt blir då at det eg syntest var lyrisk og nyskapande i den første boka eg las, no berre verkar repetitativt og oppkonstruert. Eg greip faktisk meg sjølv i å herme etter lydboka når hovudpersonen for "ørtande" gong omtalar tvillingsystera som "min dråpe vann, mitt ett og alt, mitt Alfa og Omega".

Handlinga dreiar seg om to tvillingsystrer som les i ei svart bok på eit loft medan den senile mora er nede i stova. Ulike handlingstrådar vert etter kvart knytte saman. Historia er til tider ikkje så spennande som den kunne ha vore, men den kjem seg mot slutten.

2 kommentarer:

  1. Eg har lese både Andrea D og Gulldronning....og likte dei berre sånn passe.Det eg reagerte på var det nærmast søtladne, poetiske språket, som stod i slik kontrast til innhaldet.Andrea D KUNNE ha blitt ei spennande historie, men vart skusla bort.

    SvarSlett
  2. Einig i det siste, men eg syntest kontrasten mellom det søtladne språket og innhaldet i "Gulldronning, Perledronning" passa godt og gav bodskapen større effekt.

    SvarSlett