lørdag 3. oktober 2009

Walking on sunshine


"Å hallo! Dette er som å trakke ned i smør!" Dette var min spontane kommentar då eg steig ned i eit par skor på Amfi i dag. Sjølvsagt kjøpte eg dei, sjølv om det sikkert ikkje er så smart å kjøpe nye skor til ein skal på tur. Og så kjøpte eg med ein pakke gnagsårplaster for sikkerheits skuld.

Eldstejenta og eg tok oss eit raid i dag, og vi besøkte også Besta/Besten, som sende med oss krabbe, hummar og plommesylte heim. Her blir det fest!

2 kommentarer:

  1. Gratulerer med nye skor. Dei ser gode ut!Det finst skor som ein slepp å gå inn! Det har eg opplevd med både eccoskor og andre. Men det er lurt å førebu seg på det verste.

    SvarSlett
  2. Eg hadde eit par ECCO-skor ein gong som eg sa var som "hanskar på føtene".Skorne såg både fine og gode ut. ECCO har siste par åra kome med mange nye modellar.

    SvarSlett