onsdag 7. oktober 2009

Den nye besetninga på Mamma Mia?


Sidan det var ei markering av brystkreftmånaden, kunne ein etter musikalen få teke bilete av seg sjølv saman med dei mannlege "stjernene" mot å gi nokre pund til den gode saka. Tre av oss vart så freista at vi heiv oss uhemma inn i armane deira - slikt betaler ein gjerne for, ikkje sant? Eg har vokta over polaroidbiletet, og no er det berre for dei andre å laste det inn på maskinene sine frå bloggen min. Eit genialt system. Originalen skal henge på Norskrommet (eg vurderer glasmonter og blitz-forbod).

2 kommentarer:

  1. Artig bilde å ha som eit minne. Men fyrane var ikkje "min type"-i alle fall ikkje i dei kleda.(Ja, eg kjenner att kostyma, altså)

    SvarSlett
  2. Det var utruleg morosamt - filmen er ikkje på langt nær så humoristisk som musikalen, og stemninga var heilt på topp. Publikum dansa og song med på ekstranummera - eg har ikkje sett liknande på ein musikal!

    SvarSlett