lørdag 24. oktober 2009

Bok 61 2009: "Det tause huset" av Orhan Pamuk


Forfattaren er ein av Tyrkias best kjende, og han vart tildelt Nobelprisen i 2006. Bøkene hans er visstnok delvis fletta inn i kvarandre, med personar og handlingar som opptrer i fleire tekstar. Han nyttar dessutan noko som i eit interessant etterord i boka vert kalla "dobbeltgjengarmotiv", og boka kan lesast som ei framstillinga av moderniseringsprosessen i Tyrkia på byrjinga av 1900-talet.

Sjølve handlinga i boka er temmeleg lett å følgje, sjølv om det fungerer dårleg med synsvinkelskifte i lydbøker. Det går ein del tid før ein skjønar kven av personane som fortel. Sentral i boka er ei 90 år gammal kvinne som har levd i eit ulukkeleg ekteskap med ein mann som dessutan fekk born med tenestekvinna. Dei sentrale menneska i boka er for det meste etterkomarar, og vi møter dei fleste gjennom indre monolog.

Eg likte boka godt, sjølv om eg trur eg ville ha fått meir ut av ei papirutgåve.

1 kommentar:

  1. Eg likte denne boka veldig godt, men som du seier er synsvinkel-/ stemme-skifte er problematisk i lydbøker. Det vart løyst på ein framifrå måte i boka De døde.Somme gonger brukar dei fleire opplesarar, men eg har opplevd å gå i surr då også.

    SvarSlett