onsdag 28. oktober 2009

Fleire framtidsplanar

Minstemann: Når ej blir store, skal ikkje ej skyte folk, slik som han Indiana Jones. Ej skal berre skyte hjorta.
Nummer 3: Ja, det skal ej med. Og so skal ej gi kjøtet til folk som ikkje he det so bra.
Minstemann: Då kan vi gjere det ilag.
Nummer 3: Vi kan sende det til Afrika, for der e monge folk som svelte...

Gamla lurer på om dei har tenkt å sende nedover litt rømme, fløyte og tyttebærsylte òg, slik at dei stakkars afrikanarane får lage seg skikkeleg god hjortegryte.

1 kommentar:

  1. Ja, det er godt at dei har sosilt samvit.Nytt prosjekt:Hjortegryte(ev.gnu)for Afrika!
    No når jula snart står for døra og butikkane vert fylt med alt mulig som vi ikkje treng, kjenner eg ein vond smak i munnen og stikk av dårleg samvit i sjela.Men gjer eg noko med det?Det er vel med meg som med mange andre, ein kjenner så totalt makteslaus.

    SvarSlett