onsdag 7. oktober 2009

What to do on Monday





Fem av damene var inne i Windsor slott måndag, noko som var ei fantastisk oppleving. Å sjå så mykje rikdom og så mykje fantastisk kunst gjer eit sterkt inntrykk, men vi var òg einige om at mange av dei kostbare tinga er gyselege, og at rikdomen vitnar om at nokre har hatt mykje, medan "folk flest" har vore tyngde av skattar og avgifter for å finansiere det. På den andre sida ville ikkje det ha funnest så mykje vakker kunst dersom ikkje nokon finansierte det.

Byen rundt Windsor slott har eg vore i ein gong før (1996), og den er triveleg og har eit meir avslappa tempo enn London. Vi tok lunsjen i samla flokk, men delte oss seinare opp for å kike rundt i butikkar og slikt.

Nokre reiste til Notting Hill etter dei kom attende til London, medan K og eg tok ein tur inn til Covent Garden, før vi møttest alle til ein spasertur ved Themsen og middag på Leicester Square.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar