lørdag 29. mai 2010

Bok 23 2010: "Drømmehjerte" av Cecilia Samartin

Berre tittelen burde ha gjort meg skeptisk, men så hadde eg høyrt romanen nemnd og las på omslaget og tenkte at eg kanskje kunne lære litt om livet på Cuba. I byrjinga meinte eg at boka var både lyrisk og vakker, til og med gripande, men så tok det av og vart frykteleg klisjéprega både i språk og innhald.

Nora og Alicia veks opp på Cuba, men blir skilde frå kvarandre då den eine reiser til USA etter at Castro får makta i landet. Den beste delen av boka er etter mitt syn brevvekslinga mellom dei to, der ein får vite om livet slik det vart for dei på kvar sin kant. Dei to siste CD'ane leid eg meg nesten gjennom - det vart som ein slags cubansk variant av "Drageløperen".

Å lese litteratur handlar mykje om å opne opp sinnet, og det er mogleg at eg ikkje var heilt klar for litteratur i sjangeren "søtsuppe". Det er ikkje min favorittsjanger, for å seie det mildt.

3 kommentarer:

  1. Denne boka har eg sett på butikken, men trur ikkje den finst på lydbok? Som du seier:Tittelen skremmer. Sjangeren søtsuppe skyr eg som pesten. Har lese for mykje ukeblad i mitt liv!
    No les eg Anna Gavalda: Lykka er ein sjelden fugl. Nydelig tittel!

    SvarSlett
  2. Jau, eg las den som lydbok, lånt på skulebiblioteket.

    SvarSlett
  3. Denne boka kjøpte eg for nokre veker sidan. (Tilbod for Bokliv- medlemmar). Har så vidt opna den og lese litt på første side, men har ikkje hatt ro og konsentrasjon til å kome meg vidare. Har lese så mykje bra om denne boka på andre bloggar, så eg er spent på korleis eg kjem til å oppleve den.

    SvarSlett