torsdag 20. mai 2010

Kanintreff

Nabojenta er på besøk med medbragt kanin. Dei har fått streng ordre om å halde kaninane frå kvarandre for å unngå slåsting, eller det som verre er.

6 kommentarer:

  1. Tankane går tilbake til hamsterklubben på Vallabøen for ein generasjon sidan!

    SvarSlett
  2. Onkelen til Amanda vart til på eit såkalla kanintreff!! Som mor til ei hannkanin er det berre å seie frå seg alt ansvar!

    SvarSlett
  3. Onkelen til Amanda? Rasmus eller Øystein?
    Så heiter det vel hankanin, med ein n?

    SvarSlett
  4. Jenny si kanin er onkelen, Amanda si er prikk lik. Det heiter i alle fall hannhund ...

    SvarSlett
  5. Eg hugsar godt hamsterklubben. Det vart nokre ungar som resultat av den klubben. Teorien no er at Dip er ei jente - eg avventar situasjonen før eg sjekkar. Og det heiter hannkanin - ein hann eller hanne er eit dyr som ikkje er ei hoe. No har vi følgt jenta heim og trilla kaninen/buret hennar heim i trillebår.

    SvarSlett
  6. Eg burde vel ha betre vit enn å kikke på rettskrivinga utan å sjekke ordlista. For meg eg det framleis mest logisk med ein n som i han...men eg skal gi meg for overmakta.(Så lærte eg noko nytt i dag også!)

    SvarSlett