lørdag 25. desember 2010

1. juledag: årets fredelegaste dag

I dag var det Gamlas fridag, med ein heil dags sjølvvald einsemd til rådvelde. Etter å ha overvunne motviljen min mot bruksanvisningar, fekk eg montert og aktivert min flunkande nye kaffimaskin før ein lang og langsam frukost. Stillheita var fantastisk etter ei stressande førjulstid, og eg kosa meg med kaffi og bok til langt på dag.

Landskapet utanfor stoveglaset ser ut som eit julekort, og det er umogleg for slike som meg å bli verande inne, trass i bitande kulde. Først vart det ein tur ut medan sola skein, med Karl Ove på CD, og i kveldinga vart det ein tur til saman med min gode nabo T. Innimellom vert det mykje kaffi og sjokolade, slik det skal vere i jula.


4 kommentarer:

  1. God Jul!
    Helsing Svein og Bodil

    SvarSlett
  2. Godt med ein rolig dag for alle, men vi har ikkje hatt det så hektisk før heller. Snakka med Rasmus, han hadde kjøpt seg kaffimaskin for gavepengar. Eg tenkte på at det hadde vore kjekk presang til deg, men så rekna eg med at du kjøpte viss du ville ha.Middag ca kl.13-14 i morgon, men kom gjerne tidligare.

    SvarSlett
  3. Vi tek halv eitt-ferja. Kaffimaskinen fekk eg av Lars - den kan lage kakao òg, så ungane blir sikkert begeistra dei òg. Nesten som å bu på Statoil...

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett