mandag 13. desember 2010

13. desember: konsert i Kilsfjord kyrkje

I dag vart det ein shoppingrunde etter jobb, mest saman med Eldstejenta. På veg heim kjørte eg rett til Kilsfjord kyrkje, der blant anna korpset skulle delta. I tillegg stilte kora "Fjordafolk" og "Stemmebandet", Korpset på Folkestad og nokre solistar. Minstemann sov seg, ikkje uventa, gjennom heile konserten.

Det vart lite Luciafeiring i heimen, for vi kom seint heim. Heldigvis hadde vi matrestar i kjøleskapet, så det var berre å porsjonere ut og varme i mikrobølgeomnen.

I det ungane gjekk for å legge seg, gav Storegut meg norsktentamenen sin til gjennomlesing. Teksten heitte "Mor mi" og var ikkje basert på verkelegheita, sa han. Og det får eg verkeleg håpe! Eg siterer:

"Eg ville ha bytta ut mor mi med kven som helst. Eg var så forbanna på mamma for nokre timar sidan. Eg kunne ha drepe ho av sinne. Eg fekk lyst å ta ein kniv og stikke ho tusenvis av gongar, etterpå ville eg ha gøymt liket hennar og brent det. Kanskje eg ville ha torturert ho litt først"

Søv eg godt etter å ha lese dette?

På torsdag er det avslutningsfest på skulen. Eg fryktar nokre rare blikk frå lærarane...

4 kommentarer:

  1. No vart eg skikkelig uhygde. Og den snille, kjekke guten ....
    Ja, han har nok forstått eit eller anna når det gjeld verkligheit og fiksjon. Håper resten av teksten var mindre skummel?

    SvarSlett
  2. Beklaga, men ej måtte le! Syns ej ser augene til mora.

    SvarSlett
  3. Ja, ja, vi norsklærarane bruker å melde frå om urovekkande innhald i norsktekstane ;-)
    P.S.
    Smugles han i krimbøkene til mora?

    SvarSlett