fredag 24. desember 2010

Bok 63 2010: "Kollektivt selvmord" av Arto Paasilinna

Ein mann går inn i ei løde for å henge seg, men møter der ein annan mann som er ute i same ærend. Dette utviklar seg til ein roadtrip der ein gjeng sjølvmordskandidatar som kjører rundt i buss for å finne den perfekte staden og måten å ende livet på. Undervegs opplever dei mykje, et god mat og møter mange menneske. Eit tragisk tema vert behandla med ein humor som eg trur må vere typisk finsk. Ei fantastisk bok for dei som deler humoren til forfattaren!

2 kommentarer:

  1. Eg har lese dei fleste av bøkene til denne forfattaren, men Kollektivt selvmord enno favoritten. Eg vil påstå at Paasilinna sine bøker inneheld ein typisk finsk, svart humor.
    I går begynte eg på Prosten og hans tjener, og begynte å le i halvsømnen (etter at er hadde lagt meg).For dei som ikkje har lese noko av denne forfattaren, vil eg anbefale at de gjer det.

    SvarSlett
  2. Eg har ikkje lese kollektivt selvmord, men er heilt sikker på at eg vil like den! Det er i alle fall min form for humor!

    SvarSlett