søndag 12. juni 2011

Bok 41 2011: "Andres nød" av Val McDermid

Det er vanskeleg å skrive om ein kriminalroman utan å røpe for mykje av innhaldet, men eg kan nemne at kriminalsakene det dreiar seg om i denne romanen er massemord av prostituerte og smågutar. Det begynner bra, med gode karakteristikkar av etterforskarane, ei veksling i synsvinkel der vi får innblikk i tankane til ein forbrytar og eit spennande spaningsoppdrag. Deretter flatar det merkeleg nok ut ein del, og romanen vert unødvendig lang (12 cd-ar). Eg kan ikkje fordra det når kriminalromanar varer lenge etter at ein har skjøna poenget.

4 kommentarer:

  1. Ein av mine favorittar: Tony Hill. Eg meiner eg såg filmen før eg las boka.

    SvarSlett
  2. Eg lokar best at bøkene er på ca 8 CD-ar.Likar ikkje at handlinga dreg ut.

    SvarSlett
  3. Einig. Held på med ei på 17. Lenge til de får høyre om den.

    SvarSlett
  4. Eg har begynt på ei på 13, skal til på nr.4.Veit ikkje om eg orkar å lese den ferdig.

    SvarSlett