onsdag 1. juni 2011

Hårfint og hektisk

Første fridag i "miniferien" gjekk med til kjøring av ungar som skulle i selskap, før turen gjekk til Volda. Veslejenta hadde fått pengar av besteforeldra til bursdagen, og dei hadde ho klare planar for. Ho har nemleg god bruk for ein ny sykkel, og med litt bistand frå foreldra vart det nok til både sykkel, noko ekstrautstyr og ein ny hjelm. Vedunderet står i bilen til Barnefaren, som er på bandøving i kveld. Det blir derfor verken sykling eller fotografering før i morgon.


Neste post på programmet var å følgje den same Veslejenta til frisør, noko ho hadde fått lovnad om skulle skje like etter endt ballettframsyning. Resultatet er foreviga; ho er svært nøgd sjølv, og det var ikkje lite hår som låg att på golvet etter henne!

Det vart i tillegg noko handling av mat og ein liten visitt på jobb, og til slutt fekk minstemann seg ein ny Hero Factory legofigur. Eg fekk litt vondt av han då han sat og rigla på ei tann for å få seg eit påskot til å få ein premie.

Ferjekøen heim var nesten uendeleg, men vi kom heldigvis med 17-ferja (som gjekk 17.15).  så var det berre å kome seg heim for å skifte til andre klede, for klokka 18.00 var det fotballtrening. Eg gjekk ein liten tur i Løndalen saman med N medan ungane trena.

Storegut har ikkje hatt fri i dag, men derimot norsktentamen og fotballkamp borte mot Bergsøy.

2 kommentarer:

  1. Ho er ganske lik mora si på same alder,ja. Same slags hår også, kanskje litt mørkare.Du veit sikkert kva bilde eg tenkjer på?

    SvarSlett
  2. Hennar hår er silkemjukt, det var aldri mitt! Men ho liknar ein del, ingen tvil om det.

    SvarSlett