mandag 28. november 2011

Bok 83 2011: "1Q84 Bok 2" av Haruki Murakami

Det er ikkje så veldig lurt å bli hekta på ein trilogi, når den tredje boka ikkje ligg føre på norsk før om eit par månader. Bøkene er svært spesielle og spennande, spesielt fordi dei to historiene kan kome til å krysse kvarandre i tredje bok. Kanskje får vi forklaring på kva det parallelle universet er.

Personane i romanane er lette å feste seg ved og kjenne sympati for, og undervegs får vi ta del i tankevekkjande episodar som desse personane er utsette for. Eg er svært begeistra, og ventar altså i spenning på den siste boka i serien.

2 kommentarer:

  1. Ja,som sagt, så trur eg at eg treng litt hjelp for å "forstå" desse bøkene. Men viss eg ikkje får alt på plass etter bok 3, les eg dei om att!Murakami er ein favoritt!

    SvarSlett
  2. Vi får ta ein kollokvie på det når vi har lese bok nummer 3!

    SvarSlett