lørdag 19. november 2011

Laks på laurdag

Programmet er tettpakka, med mellom anna jobbing, selskap og konsert, og det blir lite tid og ork til kjøkkenteneste. I dag orka eg ikkje tanken på taco, og vi skal ha pizza i selskapet i morgon, så eg bad ungane tenkje ut noko anna. Svaret kom kjapt: "laks". Eg lurte på om dei ville ha pasta til, men dei ville heller ha kokte poteter. Og brokkoli. Dagens born synest kanskje dette er eksotisk mat?

På Kiwi selde dei no singelpakka kreolsk marinerte laksefiletar som berre kunne pakkast ut og leggast i ei form med skinnsida ned. Fisken stod i omnen medan potetene kokte, og til slutt kokte eg brokkolien. Dette var minimalt med arbeid, og det smakte fantastisk godt. Som saus brukte vi rett og slett rømme rett frå begeret. Måltidet vart toppa med eplejuice som drikke, og vi fekk såleis dekt det meste av dagsbehovet for frukt og grønt. Skulle vi få lyst på meir, har eg fylt kjøleskapet med billeg frukt (First Price).

Eldstejenta arbeider ved ein liten Kiwibutikk, og eg begynner å venje meg til å handle der innimellom. Eg ser at kjeda har ein del gode tilbod, og ikkje minst litt anna vareutval enn der eg handlar til vanleg.

3 kommentarer:

  1. Eit slikt tilbod hadde eg bite på om her hadde vore ein Kiwibutikk! Det er kjekt med variasjon i matvegen.

    SvarSlett
  2. Eg syntest det var veldig greitt å kunne kjøpe filetane singelpakka. For oss held det med ein filet per person, i alle fall viss nokre har vore i selskap og ete taco før om kvelden...

    SvarSlett
  3. Eg synest liksom ikkje eg kan KJØPE fisk, så mykje gratis fisk so vi et. I dag gjorde vi to kål på ein stor torsk heilt åleine. Torsk naturell vil eg kalle det. Sei har vi såpass mykje av at den kunne eg tenke meg å variere meir.
    Vi handlar mest på Coop, men også på Kiwi, som er nærbutikken vår, og på Rema 1000. Coop har størst utval, men folk seier at der er dyrt. Eg har ikkje peiling på prisar på vanlige ting.

    SvarSlett