mandag 14. november 2011

Pappa 75 år

I dag var det sjølve jubileumsdagen, og det passa godt sidan vi hadde tenkt oss til Ørsta på ballett uansett, og sidan dei hadde restar av både det eine og det andre.

Pappa må seiast å vere ein sprek "gæmlis" med glimt i auga og varmt hjarte.

Heimanfrå har eg fått lære at det er ei skam å vere uærleg, egoistisk og/eller snobbete, og at ein skal strekkje seg for å stille opp for borna sine og andre som treng hjelp. Eg har lært å setje det meste i perspektiv og å analysere kva som kan vere bakanforliggande årsaker til at noko er som det er. Vi har framleis gode diskusjonar når vi møtest i familiesamanheng, samtidig som det òg blir tid til både trivialitetar og humor.

1 kommentar:

  1. Ei finare og yngre "brud" i sofaen i dag enn i går.Og fin blomsterbukett frå Eid.
    Takk for gode ord, Margrete,visste ikkje at vi hadde lært deg så mykje bra. Men all lærdom vert vel ikkje formidla like direkte, mykje snik seg nok inn langsmed.

    SvarSlett