mandag 18. juni 2012

Måndag: barselsvisitt til "Ball"

Sidan det er relativt rolege dagar på jobb, stakk ein kollega og eg på besøk til kollegavenninne K. Ho er i barselspermisjon og heime med nydelege, vesle "Ball", og vi hadde med oss vin og bok som barselspresang. Litt utradisjonell barselsgåve, vil mange seie, men vi meinte det var på sin plass med ei lita gåve berre til mor.

Elles vart det høve til ein liten cafétur saman med Eldstejenta før eg for heim, og så gjekk eg tur i eit par timar før eg kosa meg med film og eit enormt måltid (eg hadde gløymt å ete middag før eg gjekk ut på tur). Det er regn og skodde, men eg har att litt ved og har mange ting å gjere både ute og inne. Førebels er eg altså ved godt mot.

2 kommentarer:

  1. Heiter guten Ball-eller Balder -eller?
    Går ut frå at boka er Mississippi? Har du begynt på den? Tippar du blir fort ferdig-den er ikkje lett å legge frå seg.

    SvarSlett
  2. Guten er førebels namnlaus, men broren kallar han "Ball". Eg har ikkje begynt på boka enno, har eit par uleste eg må bli ferdig med først. Det kan bli mykje trim framover, no når ferien begynner. Ein blir noko rastlaus av å få fri dersom ikkje sola slår til.

    SvarSlett