lørdag 28. juli 2012

Wet, wet, wet

Etter å ha rusla ein tur rundt "Kilspollen" hadde eg i dag sett meg føre at eg skulle jobbe i hagen. Frå Hareid hadde eg fått med meg eit billass med stauder. Heldigvis har eg ein liten bil.

I bakhagen har eg eit bed som er laga fint til med stein, og der tidlegare huseigar har lagt duk med tanke på framtidig planting. Jobben no har vore å fjerne duk og ugras/gras, spa opp litt i den leirhaldige jorda og setje staudene nedi. Biletet er teke då dette var gjort, og dei mest observante og hageinteresserte blant dykk ser at her manglar mold. Det må eg handle inn over helga, ein dag eg har plass i bilen.

I det biletet vart teke, kom det akkurat ei frykteleg regnbyge og forstyrra meg i dagsplanen. Då den letta, utstyrde eg meg med hagehanskar, plantespade og ein plastpose, og så gjekk eg på tokt i nabolaget. Eg har gått og sett på nokre "fredløs"-plantar som har spreidd seg ned i ei grøft, og eg stal med meg nokre røter heim. Ikkje før hadde eg fått tjuvgodset i jorda, så begynte det å styrtregne igjen. Eg slapp dermed å vatne dei nyplanta staudene. Hadde eg tømt på nokre sekkar med plantejord, hadde den kanskje forsvunne ned i plenen.

Sidan eg hadde ein sosial og aktiv dag i går, synest eg det er fint å ta det med ro i dag, lese bok og klappe katten. Det gjer meg lite at det regnar, sjølv om det kjennest som haust.

2 kommentarer:

  1. Eg har masse fredløs og raudblada jonsokkoll. Ballblom må du få. Du får opne bagasjerommet neste gong du kjem!

    SvarSlett
  2. Takk for det! Problemet no er at eg manglar mold, og at eg bør skaffe meg ein betre spade.

    SvarSlett