onsdag 7. november 2012

VØL, venn og Bison

Dei siste to dagane har eg vore på "Ny GIV"-kurs i Ålesund. Føremålet med kurset var å lære nokre knep for å gjere det lettare for elevar å lese og skrive, og eg kom heim med hovudet og notatblokka fulle av idéar og refleksjon. Ei av dei store aha-opplevingane var såkalla venn-diagram, som kan brukast til samanlikning av det meste. No står det berre att å lære å lage slike diagram på data... I tillegg har vi mellom anna lært om førlesingsaktivitetar, motivasjon og lesestrategiar. Kurshaldarane var to dyktige damer som heldt oss i ande på ein glimrande måte. Slikt ofrar ein gjerne ein fri-onsdag på!

Lenkje til Bison

10 kommentarer:

  1. Så bra at det var eit godt kurs! Frå mitt eige yrkesaktive liv hugsar eg kurs som var veldig inspirerande -men også kurs der vi berre sat og irriterte oss over bortkasta tid. GODE kurs skal ein ta imot med takk, fridag eller ikkje.

    SvarSlett
  2. Heilt klart! Veldig kjekt med "matnyttige" kurs innimellom. Gode kurshaldarar veks ikkje på tre, men her hadde ein funne to særs dyktige damer.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Men inkje om det knakande kjekke reisefølget? Makan!

    Eva

    SvarSlett
  5. VØL og venn ewr gammalt nytt, men kva er Bison?

    SvarSlett
  6. P.S.
    Har ikkje meldt meg på ny giv ....
    (La visst på ein w over)

    SvarSlett
    Svar
    1. Bison var ei forkorting for fem ord som har med lesestrategi å gjere. http://www.linksidene.no/Minskole/fagerholt/pilot.nsf/ntr/87E260F94631053BC125762C004768EB/$FILE/Bison%20overblikk%20med%20bilde.pdf

      Slett
  7. La ut lenkje i sjølve blogginnlegget i tillegg.

    SvarSlett
  8. Har sett gjennom BISON -lenka du la ut. Det eg såg meg bruk i er at ein faktisk kan bruke denne framgangsmåten mår ein skriv ein tekst også. I alle fall slike tekstar som eg skriv.

    SvarSlett