lørdag 13. april 2013

Bok 24 2013: "De ensomme" av Håkan Nesser

Denne fjerde boka i serien om Gunnar Barbarotti er etter mitt syn ei svært god og spennande bok. Mykje av årsaka til at eg likar den, er måten den er komponert på. Utgangspunktet er at ein mann vert funnen død nedanfor eit stup, og ein kan spekulere på om det er ei ulukke, eit mord eller sjølvmord. Det viser seg at sambuaren til mannen vart funnen død på same stad 35 år tidlegare, og at denne saka òg var uavklara når det gjeld dødsårsak. Medan Barbarotti og kollegaene nøstar opp fakta i saka, får vi parallelt høyre historia om ein vennegjeng som dei to døde var med i.

Slike parallelle historier er ein fin måte å halde spenninga oppe på, men det heile ville ha vore mislukka dersom ikkje oppklaringa til slutt hadde halde vatn. Det synest eg denne gjer, med ei passande blanding overraskingsmoment til likevel å vere truverdig.

1 kommentar:

  1. Ved eit mistak har eg lese denne boka to gonger,
    men eg er ikkje sikker på at eg hugsar oppklaringa. Neste bok ventar deg her!

    SvarSlett