torsdag 25. april 2013

Bok 27 2013: "Marco-effekten" av Jussi Adler-Olsen

Etter å ha lese "Fasandreperne" var eg litt lunken til den danske forfattaren, men no er eg glødande tilhengar att. "Marco-effekten" er både spennande og morosam, sjølv om eg måtte høyre første CD-en to gonger for å få tak på stoffet. Kriminalgåta denne gongen dreiar seg om ein bande som gir seg ut for å vere sigøynarar, og Marco er ein 15-åring som bryt ut av banden og prøver å hjelpe politiet med oppklaring av ei forsvinning, mellom anna. Meir skal eg ikkje røpe av handlinga, anna enn at livet i "Avdeling Q" framleis er høgdepunktet i bøkene til Adler-Olsen. Politimannen Assad slår til med stadig nye språklege forvrengingar, til dømes uttrykket "Fanden og hans oljebor", og eg likar godt denne vekslinga mellom blodig alvor og humor.

1 kommentar:

  1. Eg må innrømme at eg blir litt lei av kriminalgåter, derfor likar eg best "bakgrunnsstoffet. I desse bøkene kosar eg meg mest med språket. Angrar alltid på at eg ikkje har penn og papir tilgjengelig så eg får skrive ned Assad sine "språkblomster. Denne boka las eg stort sett mens eg gjekk tur etter vegane.

    SvarSlett