onsdag 3. april 2013

Fri-onsdag: tannlege, rockeskule, trening og bading

I dag var Minstemann til tannlegen i tettbygde strok, så dermed måtte både systera og eg vere med over fjorden ein tur. Han hadde ikkje hol, så premiering måtte til.

Om ettermiddagen var Storegut på rockeskule, medan dei to små og eg styrte med rolege, skulerelaterte aktivitetar. Deretter skulle dei på fotballtrening (årets første utetrening) og bading, og då gjekk eg meg ein tur så lenge. På turen møtte eg ex-nabo N, så det vart ei triveleg stund.

Vel heime har eg sett eit brett med ostesmørbrød i steikomnen, for vi vart svoltne av trening og frisk luft!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar