mandag 8. april 2013

Troll, vær deg selv nok

Av og til vert eg bekymra. Som når eg les rosabloggar om ungjenter som ikkje et reker på grunn av "de stakkars rekebarna", samstundes som dei ikkje har problem med å bruke "hair extension" laga av håret til fattige kvinner i U-land. Eller når folk klagar og syt over at landet vårt bruker pengar på u-hjelp og hjelper asylsøkjarar. Det å ha det komfortabelt og gøy er viktigare enn å tenkje på keisame politiske tilhøve, ha arbeidsmoral eller streve med skulearbeid. "Cupcake-generasjonen" er dessverre ikkje aleine om dette, då midtlivskriseramma foreldre kan vere minst like opptekne av eiga nyting.

Ikkje det at eg sjølv er Moder Theresa heller, for all del, men morsrolla medfører at ein i alle fall set ungane sine framfor seg sjølv i dei fleste situasjonar. Vi er mange som fungerer som "curling-foreldre", og då må vi ta noko av skulda for at nye generasjonar vert grundig bortskjemde.

Dagens første tekst på jobb er songteksten "Where is the love", som kritiserte samfunnet i 2003. Teksten har klåre bibelske allusjonar, og musikkvideoen er full av symbolikk og andre verkemiddel. Etterpå skal eg i eine norskklassen syne filmatiseringa av "Peer Gynt" frå ruinane utanfor Kairo. Då skal vi mellom anna diskutere kva det vil seie  vere seg sjølv, og å vere seg sjølv nok.

7 kommentarer:

  1. Einig i dette! Høyrde om førsteklasseforeldre som ville ha databruk mm som tema på foreldremøter..her renkjer eg at foreldra må gå i seg sjølve og vise seg som gode rollemodellar, legge bort smarttlf og nettbrett under måltid o.l. Og setje grenser! Verda er blitt litt rar.

    SvarSlett
  2. http://heidialexandra.no/bort-med-bjorken/#.UWKXFjeQhnh

    sjekk denne

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den har eg også lese. Heldigvis verkar det som om elevane mine les slike bloggar som rein underhaldning.

      Slett
  3. "Rosabloggar" er vel noko som dei fleste ler av og harselerer med.Men viss det er alvor, synest eg synd i dei. Foreldre er no, meir enn før, opptekne med å fjerne steinane frå vegen der borna går, og eg forstår dei. På samme tid som eg ser at alle treng å lære å takle motgang.Det er ikkje lett-men det vanskelige er å ta opp kampen.
    Eg tenkjer ofte at vi som no er gamle er heldige fordi vi tidlig måtte lære oss "kjempe". Og generasjonane enda tidligare. HISTORIE er eit viktig fag, men no vil dei unge helst ha fantasy......

    SvarSlett
  4. Opplegga går som regel greitt - ein når fram til nokon, men aldeles ikkje til andre. På mitt filosofiske spørsmål om kven Peer Gynt er, fekk eg til svar: "En galen fyr so vasa rundt på ei scene!"

    SvarSlett
  5. have a peek at this website best replica designer click for more https://www.dolabuy.co browse around this web-site Chloe Dolabuy

    SvarSlett