Den femte boka i serien om Gunnar Barbarotti handlar om to gamle krimsaker og ei ny. I tillegg prøver Barbarotti å kome over sorg og tap. Eg skal ikkje røpe meir av handlinga, berre seie at eg tykte den nye saka vart noko uinteressant i samanhengen, og at de to andre sakene var meir i same stil som den førre boka. Denne når ikkje heilt opp til det nivået den førre boka var på, men den er absolutt verd å lese.
Den nye saka vart veldig perifer i boka. Eg likar i grunnen best å lese om privatlivet til Barbarotti og andre involverte. I denne serien står "Beretningen om herr Roos" i ei særstilling.
SvarSlettEg er einig med deg i det. "De ensomme" var ein god nummer to.
SvarSlett